Guide søkes til vårt nye aktivitetssenter i Ulvik

Tindeguide AS og Fjordtind Hotels etablerer eit nytt og spanande samarbeidsprosjekt i Hardanger. I denne forbindelse etablerer me no eit aktivitetssenter på sjøsida til Brakanes Hotel i Ulvik. Frå aktivitetssenteret blir det sommaren 2019 kajakkutleige, guida kajakkturar, guida vandreturar i høgfjellet og låglandet, og kanskje turar på sykkel.
Me søker etter ein person som er interessert i å arbeida frå vårt nye aktivitetssenter i Ulvik sommaren 2019. Å vera guide handlar fyrst og fremst om å samhandle med andre menneske, i ei serviceinnstilt vertsskapsrolle. Det å vera "reiseleiar" handlar også om å legge til rette for mestring i naturen for våre gjester, der guiden må ha stålkontroll på sikkerhet og teknisk gjennomførlse. Gode naturopplevingar bidreg forhåpentligvis til å tetta gapet mellom byliv naturliv, og slik kan ein "reiseleiar" bidra til å skapa eit ektefølt eigar- og ansvarsfølelse for natur - dette er ei svært givande belønning i det å vera guide.
Prosjektstillinga er sesongbasert og gjeld i perioden Juni til August/September. Du vil arbeide som guide og ha ei sentral rolle i drifta av aktivitetssenteret gjennom sesongen, herunder driva utleige, vedlikehald av utstyr, og utvikla nye produkt som høver inn i vår portefølje. Helgearbeid må påreknast. Løn etter avtale.
Ønska kvalifikasjonar:
  • Naturguideutdanning eller friluftslivsutdanning eller anna relevant bakgrunn
  • Sertifisering/kursing i kajakk, gjerne aktivitetsleder i henhold til NPF
  • Dokumentert kunnskap i førstehjelp
  • Lang og brei erfaring frå friluftsliv på fjord og fjell
  • Førarkort klasse B eller BE
  • Lokal tilhørigheit til Ulvik/Hardanger er ein fordel, men ikkje eit absolutt krav
  • Fleirspråkleg. Du må minimum snakke flytande engelsk.
Me kan tilby ein svært variert arbeidsdag/arbeidsperiode. Du får arbeidsbekledning/turtøy frå Dynafit og tilgang til rabatterte prisar på anna relevant turutstyr. For den rette personen kan me tilby deltidsarbeid gjennom ein større del av året.
Intresserte søkjarar bes sende kortfatta søknad med CV til steinar@tindeguide.no innan 15. Mai. Har du spørsmål kan du kontakte dagleg leiar i Tindeguide, Steinar Hustoft, på mobil 917 31 388.
Tindeguide AS er eit av få aktivitetsselskap i regionen med heilårsdrift innan berekraftig og naturbasert reiseliv. Vårt hovedkontor ligg på Voss. Gjennom året tilbyr Tindeguide eit mangfald av guida turar og kurs. Me held skredkurs, toppturkurs, klatrekurs, brekurs, kajakkurs og GPS-kurs. I tillegg består vår portefølje av guida toppturar på ski, klatreturar i høgfjell (Jotunheimen/Hurrungane) og lågfjell (Uskedalen/Lønahorgi), turar over Folgefonna, og i tillegg brevandring. Mange av våre oppdrag er skreddarsøm for små, private grupper. Om vinteren utfører me også oppdrag innan rådgiving/vurdering av snøskredfare.
kajakk

0 Comments

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Previous reading
Tindeguide søker guide
Next reading
Ski og skred på heiltid