Framsidebiletet viser eit stort våtsnøskred ved Kåstein (Jordalen), som gjekk naturleg under eit mildvêr i april 2017. Foto: Tindeguide
SKI OG SKRED PÅ HEILTID
Om ei veke startar skredvinteren, med eller utan snø, og mykje av vinterprogrammet for Tindeguide 2018/2019 er allereie spikra. For skredgeolog og tindevegleder Steinar Hustoft i Tindeguide ligg det an til ein hektisk vinter med ski og skred på heiltid.
SKREDVARSLING
Tindeguide skal i vinter bistå Wyssen Norge med den daglege drifta av forebyggande snøskredkontroll langs fylkesveg 53 mellom Øvre Årdal og Tyin. Arbeidet er både praktisk og teoretisk og det skal utarbeidast skriftlege snøskredvarsel på dagleg basis. Eit varsel har til hensikt å gje tilråding om sprenging, og på den måten kontrollera både tidspunkt og størrelse for snøskreda. Eit varsel blir utarbeida frå jevnlige in-situ observasjonar av snødekket, frå meteorologiske målestasjoner og frå værprognoser. Steinar har god erfaring med tilsvarande arbeid frå si førre stilling som geolog i Skred AS, der han blant anna utarbeida daglege snøskredvarsel for infrastruktur som Bergensbanen, forsvarsleirar og oppdrettsanlegg.
Aktiv skredsikring med sprengtårn langs Fv. 53 mellom Årdal og Tyin. Vegen går på vestsida av vatnet Tyin. Foto: Statens Vegvesen.
SKREDOBSERVATØR PÅ VOSS
Steinar trer inn i sin tredje sesong som skredobservatør i snøskredvarslinga sin region “Voss”. Her er han ein av to observatørar, som ein del av NVE sitt landsomfattande observatørkorps. 14-15. November var nær heile observatør-gjengen samla i Oslo for faglig påfyll og oppdatering om dei siste nyhenda i skredfaget. Det skjer blant anna mykje speanande med appen RegObs, særleg i tida på nyåret. I gjennomsnitt kjem Steinar til å levere ein observasjon i veka for Voss varslingsregion. I tillegg kjem han til å levere observasjonar i Hardanger/Finse ved høve.
Ein god observasjon på regobs.no må ikkje nødvendigvis bestå av mykje graving. Det kan like gjerne involvere litt tid med kikkert frå godstolen. Her er det ringa inn eit flakskred i det nordvendte bratthenget under Gråsidetoppen. Foto: Steinar Hustoft
#FREDAGSFØRET
Følg Tindeguide på Instagram og Facebook og du vil få mykje god informajon om snøforholda vinteren gjennom. Me prøver å publisere #fredagsføret kvar veke.
Følg #fredagsføret eller @tindeguide på Instagram i vinter og du vil få verdifull informasjon om skiføret på Voss, Aurland eller Hardanger. Foto: Steinar Hustoft
SKREDKURS I TO MÅNADER
Etter planen skal skredkurssesongen starte allereie første helga i desember. For øyeblikket er det ikkje nok snø i fjellet til å arrangera hensiktsmessige kurs, og det er berre klarvêr, temperaturinversjon og inga nedbør i sikte på langtidsvarselet. Me vonar at me likevel kjem i gong, då me har fulle kurs ventande på rekke og rad.
Andre veka i desember kjem heile rando-landslaget til Voss – dei har tinga eit skreddarsydd skredkurs for aktive utøvarar som ofte går med høg puls åleine til fjells. Det er flott at Skiforbundet tek sikkerhet på alvor, også for den nye folkesporten. Andre helga i desember arrangera me NF grunnkurs for Voss Utferdslag. Og i heile januar og februar held Tindeguide kurs mest kvar helg, på ulike stader frå Sirdalen i sør til Voss i nord (Sirdalen, Sauda, Suldal, Røldal, Kvamskogen og Voss). Det er framleis nokre ledige plasser (sjå lenke nedst i artikkelen).
Totalt arrangerer Tindeguide 48 kursdagar gjennom sesongen 2018/19. Ca. 30 av kursdagane blir halde av Steinar sjølv, og resterande av innleigde, håndplukka instruktørar med mykje erfaring. Me gledar oss!
Under den eine skredkurshelga vår i Sauda Skisenter førre vinter fekk me svært mykje nysnø og tilhøyrande ustabile snøforhold. Drømmeforhold for undervisning i skredfaget, og nok eit døme på at den beste læringa skjer i naturens eige klasserom! Foto: Åge F. Midthun
NORTIND-KURS
Vinteren 2019 blir Steinar med som vegleder når nye tindevegledere skal kvalifiserast gjennom NORTIND. Andre veka i januar skal kandidatane gjennom eit 7 dagars introduksjonskurs i snøkjennskap og skredredning.
På skredkurs for vidarekomne er snøkjennskap og snøkrystall-identifikasjon ein sentral del av pensum. Foto: Tindeguide
SKIGUIDING PÅ VOSS OG ROSENDAL
Frå og med mars startar skiguide-sesongen for alvor! Det har blitt stovereint for nordmenn å leige seg guide – gjestene ønsker å kjøpa seg sikkerhet mot skred, men også kvalitetsopplevelser for dagen. Fritid er verdifull tid! Vår jobb er dermed å finne passande turar i lengd, i høgdemeter og i bratthet. Ikkje for lett, og ikkje for vanskeleg. -Og sjølvsagt den aller beste snøen som området kan by på.
Skiparken byrja å ta form, men er framleis ikkje heilt fulltallig. I neste veke blir det montering av bindingar – det blir vel god vinterkarma av det?! Foto: Tindeguide
“Det enkle er ofte det beste” – rundturen frå Enjaland til Myrkdalen har perfekt oversiktleg skiterreng og er ein kjempeklassikar med tommel-opp-garanti. Foto: Steinar Hustoft
Gjennom ein kveld og to heile dagar (2,5 dagar) lærer du deg grunnleggande praktisk skredkunnskap. På dette kurset fokuserer me på turplanlegging, vegval og skredfarevurdering ved bruk av skredvarselet samt eigne observasjonar og vurderingar. Ledige plassar kun på følgjande kurs:
2,5 dagars kurs for deg som har god kjennskap om skred og topptur. Kurset gir deg 2 kompetansestjerner i RegObs/Varsom. I tillegg til å fokusere på snødekkeobservasjonar brukar me også mykje tid på profesjonelle verktøy for beslutningstaking. Ledige plassar kun på følgjande kurs:
0 Comments