Fjellklatring på Lønahorgi, berre 10 minutt frå Voss sentrum! Ruta opp østpillaren har høg kvalitet med riss i store formasjonar. Og utsikt til Vossevangen. Bergarten er rein og fin kvartsskifer, med god friksjon. Ein må til Uskedalen for å finne tilsvarande klatreopplevingar! Ruta er ca. 5 taulengder, norsk grad omtrent 3,3,4,6-,3. Turen anbefales for dei med god fjellklatreerfaring, då den vanskeligaste taulengden inneheld litt utklatring. Sjå rutebeskrivelsen nedanfor.

 

Bildet er tatt frå Bergstølen. Sikt på den karakteristiske graskjegla – frå toppen av denne traverserer du skrått venstre over sva til rampe ute på ryggen. OBS! I mai er normalt deler av anmarsj utsett for glideskred.

Anmarsjen er teikna omtrentlig inn. Start enten frå Høyland eller Løno, forbi Bergsstølen. Ved Breiming har du god oversikt til å studere siste del av anmarsjen over svaa.

Bildet er tatt frå rampa ute på ryggen, «klokka elleve» i forhold til toppen av graskjegla.

Her starta ruta. Ein kan velge mellom mange ulike riss og diedre. Det er berre ein eller to taulengder som er vesentlig brattare. Deler av veggen er godt egna for dei som vil lære å klatre på eigne sikringar.

Marius på veg ut frå stand. Det er lange sammenhengande riss. Mot toppen er valgmulighetene redusert ein god del.

0 Comments

Legg inn en kommentar

Previous reading
TG med i teamet til Girsberger
Next reading
Bedriftsweekend på Voss